Kunstnarstipend

Stipend
Om stipendet

Kunstnarstipendet har som formål å:

- bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket
- stimulere til at kunstnarar etablerer seg i fylket
- gje kunstnarar moglegheit til å fordjupe seg kunstfagleg over tid for å utvikle seg og heve den kunstnarlege kvaliteten på arbeidet sitt
- gje kunstnarane høve til å arbeide med nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt

Kven kan søke?

Profesjonelle kunstnarar som har vore busett og hatt sitt virke i Møre og Romsdal dei siste tre åra (søknadar frå kunstnarar med noko kortare bu- og arbeidstid kan likevel vurderast).

Søkjar må ha avslutta og kunne dokumentere kunstnarisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå i Noreg eller utlandet. Søkjarar som ikkje har profesjonell kunstfagleg utdanning kan får søknad vurdert dersom dei kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse (utstillingar, konsertar, utgivingar m.m.) og profesjonell verksemd som søkarar med formell kunstfagleg utdanning.

Kva kan du nytte stipendet til?

Arbeidsstipend skal gje kunstnarar høve til å vidareutvikle kunsten sin og ha kunstnarleg aktivitet som sitt hovudyrke.
Dei mindre stipenda skal vere eit bidrag til den kunstnarlege verksemda. Det kan mellom anna nyttast til kurs, reiser, fordjuping, material.

Søkar skal berre sende inn ein søknad. Alle søknadar blir vurdert til arbeidsstipend og mindre stipend.

Søknadsfrist

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 15. januar, i god tid før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

Ein kan leggje ved maks 7 vedlegg i tillegg til CV.

1. CV er obligatorisk for alle som søker stipend og skal lastast opp som pdf. Den skal innehalde:

- relevant kunstnarisk utdanning og kurs
- kunstnarisk verksemd og produksjon – både gjennomførte og planlagde prosjekter
- anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege verksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnarskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av omsyn til komiteane som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenkjer. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

Vilkår for stipend finn du på mrfylke.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Møre og Romsdal fylkeskommunes støtteordninger
logo
Ungdomsmidlane frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 250 000 kr, fordelt på to ganger i året til prosjekt for ungdom i heile fylket. Tilskotet blir delt ut til prosjekt som skapar engasjement og skal gå til aktivitetar for ungdom mellom 13 og 19 år, som ikkje får anna støtte av fylkeskommunen...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Årets lærling

Kvart år kårar vi årets lærling i Møre og Romsdal.

Prøvenemndene har forslagsrett og kan nominere kandidatar til prisen. Opplæringskontora og lærebedrifter kan også sende inn forslag på aktuelle...

Privatpersoner
logo
Årets lærebedrift

Kvart år kårar vi årets lærebedrift i Møre og Romsdal.

Opplæringskontor, lærlingar og andre relevante aktørar med grunnlag/fagleg bakgrunn for å nominere kan sende inn forslag. Juryen vil foreta ei...

Bedrifter og næringsliv
logo
Miljøprisen

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut Miljøprisen for særleg verdfullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi...

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Inkludering- og mangfaldsprisen

Kven kan få prisen?

Prisen kan gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som...

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Fylkesprisen Årets bedrift

Formålet:

Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Prisen vert delt ut på Fylkestinget. Prisen vart oppretta av...

Bedrifter og næringsliv
logo
Fylkeskulturprisen

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Utviklingsstipend i tradisjonshandverk

Stipendet skal fremje utvikling i tradisjonshandverk innan bygningsvern og fartøyvern i Møre og Romsdal. Føremålet er å auke kompetansen innan antikvarisk restaurering og ivaretaking av immateriell kulturarv, gjennom dokumentasjon og utøving av eldre handverkstradisjonar...

Privatpersoner
logo
Idrettsstipend

Idrettsstipendet skal bidra til å inspirere unge idrettstalent, gi dei moglegheit til videre satsing og bidra til at dei når sine mål. Klubbar i fylket med god drift og høgt aktivitetsnivå kan søke om idrettsstipend – klubb. Den samla ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Tilskot til større idrettsarrangement

Denne tilskotsordninga er retta mot dei som planlegg å arrangere ein nasjonal eller internasjonal idrettsmeisterskap, eller cup/stemne på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Dette kan vere NM eller norgescup på nasjonalt nivå, eller EM, VM eller tilsvarande på internasjonalt nivå...

Organisasjoner og foreninger
logo
Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Fylkeskommunen deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ordninga skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er hovudmålgruppa i spelemidelordninga...

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot til forprosjekt i MobPro

Formål:

Ordninga skal bidra til å auke forskingsbasert innovasjon i privat og offentleg sektor. MobPro er ein del av Forskingsrådet sitt program for forskningsbasert...

Bedrifter og næringsliv
logo
hoppid.no-midlar

Generelt om hoppid.no - avklaringsmidlar

Formål...

Bedrifter og næringsliv
logo
Bedriftsintern opplæring (BIO)

Formål:

Tilskot til bedriftsintern opplæring skal bidra til å motverke utstøyting frå arbeidslivet ved å styrke kompetansen til tilsette i bedrifter som har...

Bedrifter og næringsliv
logo
Møremusikarordninga

Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar.

Profesjonell kunst- og kulturformidling skal gi innbyggarane eit relevant og mangfaldig kulturtilbod gjennom heile livet. Fylkeskommunen skal i samarbeid...

Bedrifter og næringsliv
Organisasjoner og foreninger
logo
Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga gjeld tilskot til produksjon og til formidlinga av prosjekt, for aktørar og/eller aktivitetar i det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal fylke...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
Om Møre og Romsdal fylkeskommunes støtteordninger

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Møre og Romsdal fylkeskommune.