Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut Miljøprisen for særleg verdfullt arbeid innafor områda biomangfald, berekraftig utvikling, klima, forureining og alternativ og fornybar energi.
Kven kan få Miljøprisen?
Prisen kan delast ut til personar, skoleklassar, organisasjonar, institusjonar, bedrifter, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for miljøarbeidet i fylket.
Prisen
Prisen er eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Miljøprisen blir delt ut under fylkestinget i desember.
Meld inn forslag
Meld inn ditt forslag til kandidat på mrfylke.nod. Gi ei kort grunngjeving for kvifor du meiner kandidaten bør få prisen.