Fritidsaktivitetar er viktig:
Organiserte fritidsaktivitetar har fleire viktige funksjonar i barn og unge sine liv.
Dei er sosiale møtestader der ein får nye vener, ein bygger nettverk og sosiale ferdigheiter vert utvikla. Deltakarane får drive med aktivitetar dei likar, og dei utviklar ferdigheiter som gjev meistring og glede.
Alle barn har rett til ein god oppvekst, med ei meiningsfull fritid der dei kan kjenne på meistring, trivsel og fellesskap. Dessverre er det stadig fleire barn som opplev at dei ikkje kan delta på fritidsaktivitetar og vert ståande på sidelinja av ulike årsaker. Økonomi kan vere ei årsak til at nokon ikkje kan delta.
Barn i familiar med god økonomi deltek oftare i organiserte fritidsaktivitetar enn barn i familiar med svak økonomi. Låginntektsfamiliar må i mykje større grad spare opp pengar og planlegge om barna kan delta på aktivitetar. Dette kan føre til at barna let vere å spørje om å få delta, for å skjerme foreldra sine, og for å unngå skuffelsar.
Andelen av barn som veks opp i låginntektsfamiliar er aukande i Norge. Slik er det også i vår kommune. Luster kommune har derfor oppretta eit fritidsfond som skal bidra til at alle kan vere med.
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking i fritidsaktivitetar i Luster!
Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Om du eller nokon du kjenner har lyst til å vere med på ein fritidsaktivitet i Luster, men ikkje har økonomi til det, fins det moglegheiter for å få hjelp med dette.
Lat ikkje økonomien stoppe barn og unge frå å delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar. Det er viktig for barn å vere med der andre barn er slik at dei kjenner seg inkludert og at dei får drive med spennande aktivitetar.
Les meir om korleis du går frem når du vil søke på kommunens nettsider:
https://www.luster.kommune.no/luster-fritidsfond.484209.nn.html