Næring- og konsesjonsavgiftsfondet
Næring- og konsesjonsavgiftsfondet i Lærdal kommune skal primært nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i kommunen.
Nærings- og konsesjonsavgiftsfondet blir årleg tilført midlar gjennom konsesjonsavgifta frå Østfold Energi. Desse midlane skal nyttast til næringsutvikling gjennom arbeid med næringsutvikling i kommunal regi eller tilskot til næringsdrivande. Under følgjer ei oversikt over dei ulike ordningane, søknadsskjema og andre relevante dokument. Nedst på denne sida kan du lesa om gangen i søknadsprosessen.
Før ein søkjer om tilskot kan det vere lurt å setje seg inn i Vedtekter for nærings- og konsesjonsavgiftsfondet. I vedtektene blir det mellom anna oppgitt kva ein kan søkja om tilskot til, støtteandel og kva som blir lagt vekt på i vurdering av søknadane. Det kan vidare vere lurt å ta ein prat med næringsrådgjevar i kommunen for rettleiing før du sender inn søknad om tilskot.
Søknad om tilskot
Frå denne ordninga kan ein hovudsakleg søkja om tilskot til:
-Bedriftsetablering
-Vidareutvikling av bedrifta
-Forstudie/forprosjekt
-Investering
-Kompetansehevande tiltak i bedrifta
Les mer om ordninga og last ned søknadsskjema på kommunens nettsider:
https://www.laerdal.kommune.no/tilskotsordningar-soeknadsskjema-dokument.509416.nn.html