Masfjorden kommune disponerer midlar til næringsutvikling i eit eige kraftfond
Næringsarbeidet i kommunen har dei siste åra vore konsentrert kring forvaltning av kraftfondet.
Gulen og Masfjorden utvikling - GMU - vil bistå med etablerarhjelp og vil mellom anna være førstelinje/kontakt når det gjeld søknader til kraftfondet. GMU er første kontakt ved direkte henvendingar til kommunen.
Kraftfondet er midlar kommunen får som følgje av den kraftutbygging som har funne stad i kommunen gjennom at regulator/ BKK må innbetale ei avgift (konsesjonsavgift) til kommunen som går til eit fond i kommunen. Fondet og dei årlege konsesjonsavgiftene utgjer det som ein kallar for Kraftfondet. Ein får no tilført om lag 2,8 mill.kr. årleg. Kraftfondet skal i hovudsak nyttast til næringsføremål. Fondet kan og nyttast til kommunale tiltak. Det kan ikkje gjevast stønad til sanering av gjeld eller til den daglege drifta av verksemder og kommunen.
Kva Kraftfondet kan nyttast til
Midlane i fondet kan berre nyttast til investeringar i varige driftsmidlar. Stønad gjennom kraftfondet kan gjevast i form av tilskot eller lån. Samla finansiering frå kraftfondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje overstige 25 % av den samla kapitaltrongen for eit prosjekt. Ved bedriftsutvikling kan det gjevast inntil 75% finansiering. Kommunestyret nemner opp styre for kraftfondet. Kraftfondsstyret er for tida identisk med formannskapet.
Søknadsfristar og søknadsskjema
Ordinær søknadsfrist er 15. juni for 1. tildeling som skjer i september.
Ordinær søknadsfrist er 01. november for 2. tildeling som skjer i nov./desember.
Det er utarbeidd eige søknadsskjema for bruk i samband med søknad om lån/tilskot gjennom kraftfondet
Les meir om fondet på kommunens nettsider: