Honorarfond til folkemusikk

Offentlig støtteordning
Om fondet

Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når  ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret.

Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det.

Kven kan søkje om tilskot?

Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna.

Retningslinjer for tildeling

Setesdal spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd rettleiande honorarsatsar for ulike typar utøvarar. For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500. For tilskipingar med andre utøvarar dekkar fondet 2/3 av utgiftene inn til kr. 4000 per utøvar, og for grupper dekker fondet inn til kr. 12000. Dersom arrangementet gjev overskot får ein ikkje dekka utgiftene. 

Søknad om tildeling

Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk på post@setesdalspelemannslag.no. Du kan nytte søknadsskjema som er å finne på kommunens nettsider. 

Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.

Lurer du på noko kan du kontakte Setesdal Spelemannslag for meir informasjon om ordninga, på post@setesdalspelemannslag.no.

Les meir på valle.kommune.no

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Valle kommunes støtteordninger
logo
Tiltaks- og næringsfondet i Valle kommune

Kven kan få tilskot?

Bedrifter som er registrert i Valle kommune og som har eit omfang på minimum 50% stilling...

Bedrifter og næringsliv
logo
Kulturprisen

Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller lag og organisasjonar som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige kan prisen delast...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
logo
Kulturmidlar

Alle lag og foreiningar i Valle med lovleg aktivitet innan kulturområdet kan få kulturmidlar. I utgangspunktet bør laga sjølve ha midlar til den ordinære drifta. Medlemstal er eit forhold som vil spele inn på vurderinga, men kulturmidlar skal i hovudsak fordelast etter omfanget av aktivitetane i laget...

Organisasjoner og foreninger
logo
Kommunalt utdanningsstipend for ungdom

Elevar som står i Valle folkeregister, og som tek utdanning kan få tildelt kr. 9 000,- i kommunalt stipend. Kvar søkjar kan få tildelt stipend opptil 5 gonger utan aldersavgrensing. 

Privatpersoner
logo
Utviklingsstipend innafor idrett og kultur

Valle kommune kan dele ut årlige utviklingsstipend innafor idrett og kultur etter gjeldande retningslinjer vedtekne av levekårutvalet.

Retningslinjer for tildeling...

Organisasjoner og foreninger
Privatpersoner
Om Valle kommunes støtteordninger

Valle kommune tilbyr sine innbyggere flere stipend, priser og offentlige tilskuddsordninger. Under fanen "Støtteordninger" finner du en oversikt over hva du kan søke på om du har tilknytning til Valle kommune.