VEDTEKTER FOR TILDELING KULTURSTIPEND FOR SELJORD
• Seljord kommune og Sparebankstiftinga Seljord delar saman ut kulturstipend for Seljord. Stipendet består av ein sjekk på kr. 20.000,- og eit diplom.
• Kulturstipendet skal gå til kultur-/ idrettsutøvarar mellom 15 – 25 år, registrert som busett i Seljord kommune og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område.
• Kulturstipendet skal lysast ut i februar kvart år med 1. april som frist for innsending av skriftlege framlegg til kandidatar. Unge utøvarar kan òg sjølve søkje stipendet og grunngje søknaden.
• Ei kulturprisnemnd sett saman av tre personar oppnemnt av Formannskapet og tre personar oppnemnt av Sparebankstiftinga skal avgjere kven som skal få kulturstipendet. Det må vere minst 2/3 fleirtal i nemnda for at ein kandidat skal kunne bli tildelt kulturprisen. Dersom ingen kandidat får eit slikt fleirtal, skal stipendet ikkje delast ut.
• Kulturprisen skal delast ut i samband med 17. mai-arrangementet i den delen av kommunen der stipendmottakaren bur eller ved eit anna arrangement som kulturprisnemnda meiner høver betre.
• Nemnda kan i møte vedta om kandidatane som er foreslått/ søkt og som ikkje får prisen, bør vidareførast som kandidat til neste års stipend.
• Seljord kommune held sekretariat for kulturprisnemnda.
• Formannskapet i Seljord og styret Sparebankstiftinga Seljord må godkjenne eventuelle endringar i vedtekter for kulturprisen.
Send søknad til Seljord kommune, gjerne på e-post: post@seljord.kommune.no eller Seljord kommune, Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord.
Les meir på seljord.kommune.no