Tilskot til prosjekt og arrangement

Offentlig støtteordning
Om støtteordningen

Kven kan søkje om tilskot til prosjekt og arrangement?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot.

Lag og organisasjonar kan ikkje søkje dersom dei:

-er finansiert av offentlege midlar
-har lukka medlemskap  
-er politiske organisasjonar  
-tar i vare yrkesinteresser
-har kommersielle interesser

Kva kan du søkje om tilskot til prosjekt og arrangement til?
Tilskotet er eit prosjekttilskot, som kan gå til

-arrangement
-utbygging 
-oppussing
-vedlikehald.


Eksemplar er  konsertar eller oppussing av klubbhus. Du kan søkje om opp til kr 300 000,-. Tilskotet vert utbetalt etter at du har sendt oss det godkjente prosjektrekneskapet. Dersom du ikkje nyttar tilskotet innan to år etter tildelinga, vil det falle bort.

Slik søkjer du om tilskot til prosjekt og arrangement
Du kan søkje om tilskot ved å bruke kommunens elektroniske søknadsskjema:

https://skjema.aukra.kommune.no/skjema/AUK0026/

Vedlegg til søknaden
-Detaljert budsjett eller kostnadsoverslag med finansieringsplan
-Plan for gjennomføring


Du kan laste opp vedlegga direkte i søknadsskjemaet.

Frist for søknad om tilskot til prosjekt og arrangement
Søknadsfrist er 1. mars og 1. september kvart år.

Aktuelle utlysninger for denne støtteordningen
Vi har ingen registrerte utlysninger for denne støtteordningen. Du kan abonnere på nye utlysninger og bli varslet når disse publiseres.
Andre støtteordninger fra Aukra kommunes støtteordninger
logo
Kulturmidlar

Kven kan søkje om kulturmidlar?
Lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret og er aktiv i Aukra kommune, kan søkje om tilskot...

Organisasjoner og foreninger
logo
Spelemidlar

Spelemidlar skal bidra til at ein større del av befolkninga får mulegheit til å drive idrett og fysisk aktivitet...


Organisasjoner og foreninger
logo
Søknad om rusfrie arrangement for barn og unge

Kven kan søkje om tilskot til rusfrie arrangement for barn og unge?
Frivillige lag og organisasjonar med aktivitet i Aukra kommune. Aktivitet må vere knytt til barn og unge.
Kommunale einingar i Aukra kommune. Aktivitet må styrke kommunen sine satsingsområde.

Organisasjoner og foreninger
logo
Tilskot frå Kontantkassa

Aukra kommune har etablert ei tilskotsordning kalla “Kontantkassa”. Kulturavdelinga og eining for innvandring og integrering har gått saman om å søkje prosjektmidlar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, som har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til dette føremålet.

Organisasjoner og foreninger
Om Aukra kommunes støtteordninger

Aukra kommune deler ut midler til blant annet kultur og støtte til arrangementer. Se fanen "Støtteordninger" for mer informasjon om hva du kan søke på om du har tilklnytning til Aukra kommune.