Kommunar, idrettslag og andre sammanslutningar kan søkja om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlane skal bidra til at ein større del av befolkninga får høve til å driva idrett og fysisk aktivitet.
Kva kan du søkja om?
- Nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett.
- Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktiviteter i tilknytning til buområder)
Målgruppe
- Kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap (med idrett som føremål) kan søkja om spelemidlar.
- Vellag og burettslag kan søkja om nærmiljøanlegg.
Søknadsskjema
På anleggsregisteret.no finn du fyldig informasjon om tilskotsordninga. Her finn du og nødvendig informasjon om prosedyrar, regelverk og vilkår for å kunne få tilskot
Døme på informasjon du finn der:
- Vilkår og krav til søknaden
- Søknadsprosessen
- Søknadsskjema
- Dokumentasjonskrav
- Vedleggsmalar
Sjå også "Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet" på regjeringen.no
Sakshandsaming
Søknaden vert sendt elektronisk til kommunen, som går gjennom søknaden og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer i form av eit politisk vedtak. Søknadane vert sendt vidare til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. Fylkeskommunen hentar inn dei opplysningane som er naudsynte for å avgjera saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å retta deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Dersom de skal i gang med ny søknad, ta kontakt med Kvam herad fyrst.
Les meir og søk elektronisk på kvam.no