Kommunen gir driftstilskot til mange lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune.
For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.
Kven kan søkja?
Driftstilskot blir ytt til aktive lag og organisasjonar med minst 10 medlemmer busette i Etne kommune, og som høyrer til ein av desse kategoriane.
-Idretts- og skyttarlag
-Musikklag og songkor
-Barne- og ungdomslag.
Vilkår for å søkja
-Eige organisasjonsnummer
-Må avvikla formelt årsmøte
Søknadsfrist
15. september
Slik søkjer du
Søknadsskjemaet blir lagt ut ca 1. august på etne.kommune.no