Miljøprisen skal tildelast for særskild innsats for berekraftig miljø, her under klima- og energitiltak. Alle innbyggarar, organisasjonar og institusjonar i Ålesund kommune kan fremje forslag om kandidater til prisen.
I grunngjevinga bør det forklarast korleis den nominerte har betra det fysiske miljøet og/eller redusert klimagassutslepp.
Kven kan motta prisen?
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, organisasjonar, barnehagar, skular og offentlege og private verksemder/bedrifter som har utmerka seg på miljøområdet, og som bidrar til at Ålesund kommune når klima- og miljømåla fram mot 2030.
Mottakar av Miljøprisen får eit prisbeløp på kr 10.000,-, arbeid av lokal kunstnar til verdi rundt kr 4.000,- og eit diplom.
Kven avgjer kven som skal få prisen?
Komite for teknisk, miljø og samferdsel behandlar og tildeler prisen. Utvalet kan også velje kandidater som ikkje er foreslått av andre.
Frist
Frist for innsending av kandidatar til Miljøprisen er 1. september kvart år.
Utdeling av prisen
Miljøprisen blir delt ut på kommunestyret sitt desembermøte.